Mine refleksjonar har basis i 3. arbeidskrav til kurset IT307. I dette arbeidskravet ligg at ein med utgangspunkt i temaet ungdom og medievanar skal:
1) søke, vurdere og lagre nettkjelder, og
2) samskrive artiklar om "Ungdom og medievanar" i Wikispaces.
Utgangspunktet var altså temaet ungdom og medievanar, men måten å lagre dette på med etikettar("tags") i Diigo blei det store samtaleemnet. Tekstoppgåva kom med fleire forslag til etikkettar, dvs. måtar å lagre dei merka kjeldene ein kunne bruke, t.d.avisartikkel, forskningsrapport, leksikonoppslag osv.
Vi samla oss om svært relevante tags som tidsbruk, avhengigheit og historisk utvikling. Denne merkinga følte vi var interesant og med overkommelege arbeidskrav når ein er i kvis med andre nødvendige gjøremål i lærarkvardagen. Men dei kan også sjølvsagt ikkje berre vere nyttige i faglege samanhengar, men også i måtar å jobbe på. Vår gruppe i Diigo finn de her.
Eg jobba mest med ungdommen sin tidsbruk, og kom over fleire kjelder, t.d. ein rapport frå Medietilsynet. Medietilsynet har jo det overordna faglege ansvaret i for medieutviklinga i Norge slik at dette vil vere eit svært god kjelde, men også relevant.
Mediebruken har utvikla seg svært mykje dei siste 20år. Mens mange er opptatt av Internett og andre nye media, så tenkte eg at det kunne vere interessant å sjå på ei av "dei gamle", dvs kinobesøk over ein periode. Tala frå Statistisk sentralbyrå seier mykje om ungdommen sine kinobesøk i desse 20år. Ungdom går fortsatt på kino på trass av hard konkurranse frå dei nye. Kjelda er også interesant sidan ho tar med eit vidt spenn av aldersgrupper, frå 9-79år. Når det gjeld ungdom, så er det aldersgruppa frå 16-19år som vanlegvis går mest på kino, dvs at vel 90% av aldersgruppa går på kino.
Å jobbe med oppgåva har vore interessant for meg som ikkje på førehand hadde noko særleg kunnskap om Wiki og Diigo. Å få dette til i undervisningssamanheng krev både at lærarar og elevar har nødvendig førehandskunnskap. For min eigen del trur eg at eg må bruke meir tid til å øve enn det eg har gjort fram til no før eg vel å involvere elevane. Erfaringane mine etter mange år som lærer tilseier at du må kunne bruke dei hjelpemidla du skal bruke. Å vere avhengig av flinke dataelevar vil ikkje funke i det lange løp, læringseffekten vil dale og interessa hos elevane vil dale brått, ja kanskje gå i minus.
Å jobbe med digitale hjelpemiddel inneber også at ein kan finne massevis av kjelder i det store virtuelle rommet. No gjeld det ikkje berre å kunne bruke digitale program, men like mykje å vere kritisk til dei kjeldene du nyttar, sjå her.
Kjelde: Leif Harboes side om kildebruk i skolen.
http://norskboka.no/sprak/kildebruk.htm
fredag 20. mai 2011
fredag 29. april 2011
Refleksjon over arbeidsprosessen og undervisningsopplegget
Dette er eit kort refleksjonsinnlegg over arbeidsprosessen og undervisningsopplegget mitt i samfunnsfag om minoritetar.
Det første eg gjorde var å skissere eit opplegg med utgangspunkt i læreplanen og kompetansemåla. Opplegget krev at ein både skal beskrive og drøfte sider ved minoritetskulturen.
Tanken er at elevane skal gjere dette arbeidet i ein blogg, som alle elevane i klassa får adressa til. No har eg ikkje mykje erfaring med denne måten å jobbe på, slik at dette blir ei utfordring mest for meg og lite for våre digitale elevar. Uansett ser eg på dette som spennande, og eg ser fram til å prøve ut opplegget.
Spesielt dette med å drøfte kan vere vanskeleg for elevane. Då gjeld det å få tak i gode og relevante kjelder som kan hjelpe elevane på veg. Dei kjeldene er har brukt, trur eg på ein god måte fell inn som truverdige og relevante. Eit viktig poeng for meg blir då å poengtere ein klar kjeldekritisk vinkling. Elevane er betre digitale brukarar enn meg, så dette å vere kritisk er mi styrke. I tillegg har eg den pedagogiske erfaringa og skoleringa.
Eg har jobba som faglærar i samfunnsfag i mange år og ser den store endringa som har skjedd i klasserommet: tidlegare var biblioteket brukt som einaste kjelde, medan det no er kraftig utvida ved hjelp av nettet. Dette skaper ein ny lærartype. Store og nye utfordringar ventar meg.

onsdag 13. april 2011
Undervisningsopplegg i samfunnsfag om minoritetar
Individuelt arbeid:
1) Beskriv og del eit undervisningsopplegg innafor eit/fleire læreplanmål, der du nyttar deg av nettverksverktøy/sosiale media
Å lage undervisningsopplegg i eit fag i vidaregåande opplæring er alltid ei utfordring, pedagogisk, didaktisk og i høve til kunnskapar ein har om emnet. Sidan klassa mi no skal starte med emnet kultur i samfunnsfag synest dette emnet å vere svært så relevant for meg i denne oppgåva.
I kulturkapitlet i samfunnsfag, eit fellesfag for alle utdanningsprogram på vg2(vg1 på studiespesialiserande utdanningsprogram) i vidaregåande opplæring, finn ein ulike kompetansemål som omhandlar minoritetar i Norge.
Å skulle skrive om minoritetar er svært aktuelt både fordi ein finn emnet behandla i læreboker, men også fordi emnet er generelt mykje omtala i media, både i papirmedia og i bildemedia. "Norge er eit fleirkulturelt samfunnfunn", heiter det i dag som spissformuleringar i samfunnsdebatten. Og i den politiske debatten er dette eit emne som engasjerer både politikarar og samfunnsborgarar.
I læreplanen for samfunnsfag finn ein fleire relevante kompetansemål som omhandlar minoriotar; dette synest veldig relevant for meg:
Faglærar startar med å presentere emnet, avgrense talet på minoritetear sidan det er snakk om "beskrive hovudtrekk ved kulturen til nokre minoritetar". Faglærar må vidare knytte presentasjonen opp mot ei historisk utvikling, vise årsakene til at minoritetane kom til Norge, finne relevante tal for storleiken på dei i dag, vise relevante omgrep til hjelp i drøftinga som skal kome i etterkant.
Han må variere med andre hjelpemiddel av visuell karakter, som til dømes NRK sitt tv-program, Migrapolis, som behandler ulike emne som gjeld det å vere minioitet i Norge. Kvart program er på ca 30minuttar, og har ei sendetid fra klokka 2230-2300. Dette inneber at programmet ikkje har "primetime", men er likevel eit prisverdig tiltak av NRK. Programleiarane er vanlegvis ikkjeetniske nordmenn som framstår som godt integrerte i det norske samfunnet, t.d ved at dei snakkar godt norsk, kler seg norsk.
Ei anna god og relevant kjelde som kan nyttast er nrk sine skulesider. Her finn ein kortinnslag frå Dagsrevyen på berre nokre få minuttar. Dette kan vere ein variant i høve til Migrapolis som tross alt varer ein halvtime.
Stoffet er no aktualisert, og ein kan plassere elevane i grupper på 3. Då skal dei drøfte utfordringar i fleirkulturelle samfunn. Bruk ca 20minuttar på diskusjonen i gruppa og ca 25 minuttar på diskusjonen i plenum. Ha ei skriftleg prøve i siste timen, då skal dei på individuell basis svare på oppgåva, som skal innleverast: Drøft denne påstanden: " Norge er ikkje eit fleirkulturelt samfunn". Opplegget er i mål.

- beskrive hovudtrekk ved kulturen til nokre minoritetar i Noreg og drøfte utfordringar i fleirkulturelle samfunn

torsdag 10. mars 2011
fredag 18. februar 2011
B) Individuell refleksjon i blogger, nr 2
Google docs er eit godt verktøy ved samskriving. Om ein sit ved same bord eller ein annan plass i verda, så er det mogeleg å jobbe saman. I tillegg er dette eit godt verktøy ved gruppearbeid; det elevane har jobba med er tilgjengeleg sjølv om ein eller fleire av elevane på gruppa er borte frå timen. Å jobbe med gruppearbeid er ein måte å variere undervisninga på; dette krev at alle elevane er til stades. Med Google docs kan ein unngå slike frustrasjonar, og kome seg vidare i gruppearbeidet og vere ajour med periodeplanen i faget.
Samskrivingsdelen synleggjør at alle har ansvar for å bidra i arbeidet.
Skulle det vere noko å kikke på, så er det presentasjonsverktøyet. Programmet har nokre manglar, spesielt i høve til presentasjonsverktøyet. Enkel formatering som innrykk/tabulator funkar ikkje maksimalt.Det er tungvint å formatere tekst som er klippa og limt. Vi har også merka ofte at programmet "henger"; det tar lenger tid å ferdig med eit arbeid.
For å bruke Google docs, som er eit lukka system. må ein vere pålogga. Dette inneberer visse praktiske problem(ein har klassar frå 10 til 28 elevar).Det tar altså tid, men kan løysast naturleg gjennom eit innføringskurs.
Kva har eg så lært? Eg har fått digital kunnskap som eg tidlegare ikkje kjente til, og som eg ser kan nyttast i undervisninga mi. Men eg har også lært å lage bloggar som det snakkast så mykje om for tida. Kanskje kan eg sjølv opprette ein blogg?
Google trudde eg i utgangspunktet var ein søkemotor, men no ser eg at det finst som dokumenttilbydar.

Individuell refleksjon-oppgåve B, innlegg 1
Vi i gruppa kom saman og reflekterte over kva fag og kompetansemål som ville vere høveleg å bruke. Etterkvart fann vi ut at samfunnsfag var eit svært relevant fag sidan medlemmane i gruppa underviser i faget. I tillegg var alle komne omtrent like langt, dvs. ein jobba med kapitlet individ og samfunn.
Etter nærare gransking av kompetansemåla i læreplanen i kapitlet, såg vi at sosialisering og arenaer for sosialisering av ungdom ville vere svært relevant å bruke. Å få til gode og relevante undervisningsopplegg er viktig for å engasjere elevane fagleg. Og når du i tillegg kan jobbe med eit emne som engasjerer ungdom er ein langt på veg i å lykkast med opplegget.
Sjå lenke til læreplan her
Å få laga sjølve presentasjonen blei også ei utfordring. Vi har arbeidsplassar på ulike bygg slik at det var nødvendig å få til ei samkjøring i høve til felles fritimar. Men alle i gruppa var innstilte på å kome i mål før fristen 18. februar. At det var mogeleg å bruke tid på ei heildagsprøve gjorde også arbeider enklare.
Sjølve tankeprosessen med å få til ein presentasjon gjekk veldig greit. Gruppa her ei alderssamansetting som spenner litt over tid. På det viset kunne ein bruke fagleg tyngde på begge felt maksimalt, god samfunnsfagleg kompetanse saman med god digital kompetanse.

onsdag 5. januar 2011
Abonner på:
Innlegg (Atom)