fredag 29. april 2011

Refleksjon over arbeidsprosessen og undervisningsopplegget

Dette er eit kort refleksjonsinnlegg over arbeidsprosessen og undervisningsopplegget mitt i samfunnsfag om minoritetar.

Det første eg gjorde var å skissere eit opplegg med utgangspunkt i læreplanen og kompetansemåla. Opplegget krev at ein både skal beskrive og drøfte sider ved minoritetskulturen.

Tanken er at elevane skal gjere dette arbeidet  i ein blogg, som alle elevane i klassa får adressa til. No har eg ikkje mykje erfaring med denne måten å jobbe på, slik at dette blir ei utfordring mest for meg og lite for våre digitale elevar. Uansett ser eg på dette som spennande, og eg ser fram til å prøve ut opplegget.

Spesielt dette med å drøfte kan vere vanskeleg for elevane. Då gjeld det å få tak i gode og relevante kjelder som kan hjelpe elevane på veg. Dei kjeldene er har brukt, trur eg på ein god måte fell inn som truverdige og relevante. Eit viktig poeng for meg blir då å poengtere ein klar kjeldekritisk vinkling. Elevane er betre digitale brukarar enn meg, så dette å vere kritisk er mi styrke. I tillegg har eg den pedagogiske erfaringa og skoleringa.


Eg har jobba som faglærar i samfunnsfag i mange år og ser den store endringa som har skjedd i klasserommet: tidlegare var biblioteket brukt som einaste kjelde, medan det no er kraftig utvida ved hjelp av nettet. Dette skaper ein ny lærartype. Store og nye utfordringar ventar meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar