fredag 20. mai 2011

Refleksjonar i samband med 3. arbeidskrav til kurset IT307 Informasjonskompetanse

Mine refleksjonar har basis i 3. arbeidskrav til kurset IT307. I dette arbeidskravet ligg at ein med utgangspunkt i temaet ungdom og medievanar skal:
1) søke, vurdere og lagre nettkjelder, og
2) samskrive artiklar om "Ungdom og medievanar" i Wikispaces.

Utgangspunktet var altså temaet ungdom og medievanar, men måten å lagre dette på med etikettar("tags") i Diigo blei det store samtaleemnet. Tekstoppgåva kom med fleire forslag til etikkettar, dvs. måtar å lagre dei merka kjeldene ein kunne bruke, t.d.avisartikkel, forskningsrapport, leksikonoppslag osv.

Vi samla oss om svært relevante tags som tidsbruk, avhengigheit og historisk utvikling. Denne merkinga følte vi var interesant og med overkommelege arbeidskrav når ein er i kvis med andre nødvendige gjøremål i lærarkvardagen. Men dei kan også sjølvsagt ikkje berre vere nyttige i faglege samanhengar, men også i måtar å jobbe på. Vår gruppe i Diigo finn de her.

Eg jobba mest med ungdommen sin tidsbruk, og kom over fleire kjelder, t.d. ein rapport frå Medietilsynet. Medietilsynet har jo det overordna faglege ansvaret i for medieutviklinga i Norge slik at dette vil vere eit svært god kjelde, men også relevant.

Mediebruken har utvikla seg svært mykje dei siste 20år. Mens mange er opptatt av Internett og andre nye media, så tenkte eg at det kunne vere interessant å sjå på ei av "dei gamle", dvs kinobesøk over ein periode. Tala frå Statistisk sentralbyrå seier mykje om ungdommen sine kinobesøk i desse 20år. Ungdom går fortsatt på kino på trass av hard konkurranse frå dei nye. Kjelda er også interesant sidan ho tar med eit vidt spenn av aldersgrupper, frå 9-79år. Når det gjeld ungdom, så er det aldersgruppa frå 16-19år som vanlegvis går mest på kino, dvs at vel 90% av aldersgruppa går på kino.

Å jobbe med oppgåva har vore interessant for meg som ikkje på førehand hadde noko særleg kunnskap om Wiki og Diigo. Å få dette til i undervisningssamanheng krev både at lærarar og elevar har nødvendig førehandskunnskap. For min eigen del trur eg at eg må bruke meir tid til å øve enn det eg har gjort fram til no før eg vel å involvere elevane. Erfaringane mine etter mange år som lærer tilseier at du må kunne bruke dei hjelpemidla du skal bruke. Å vere avhengig av flinke dataelevar vil ikkje funke i det lange løp, læringseffekten vil dale og interessa hos elevane vil dale brått, ja kanskje gå i minus.

 Å jobbe med digitale hjelpemiddel inneber også at ein kan finne massevis av kjelder i det store virtuelle rommet. No gjeld det ikkje berre å kunne bruke digitale program, men like mykje å vere kritisk til dei kjeldene du nyttar, sjå her.

Kjelde: Leif Harboes side om kildebruk i skolen.

http://norskboka.no/sprak/kildebruk.htm