fredag 29. april 2011

Refleksjon over arbeidsprosessen og undervisningsopplegget

Dette er eit kort refleksjonsinnlegg over arbeidsprosessen og undervisningsopplegget mitt i samfunnsfag om minoritetar.

Det første eg gjorde var å skissere eit opplegg med utgangspunkt i læreplanen og kompetansemåla. Opplegget krev at ein både skal beskrive og drøfte sider ved minoritetskulturen.

Tanken er at elevane skal gjere dette arbeidet  i ein blogg, som alle elevane i klassa får adressa til. No har eg ikkje mykje erfaring med denne måten å jobbe på, slik at dette blir ei utfordring mest for meg og lite for våre digitale elevar. Uansett ser eg på dette som spennande, og eg ser fram til å prøve ut opplegget.

Spesielt dette med å drøfte kan vere vanskeleg for elevane. Då gjeld det å få tak i gode og relevante kjelder som kan hjelpe elevane på veg. Dei kjeldene er har brukt, trur eg på ein god måte fell inn som truverdige og relevante. Eit viktig poeng for meg blir då å poengtere ein klar kjeldekritisk vinkling. Elevane er betre digitale brukarar enn meg, så dette å vere kritisk er mi styrke. I tillegg har eg den pedagogiske erfaringa og skoleringa.


Eg har jobba som faglærar i samfunnsfag i mange år og ser den store endringa som har skjedd i klasserommet: tidlegare var biblioteket brukt som einaste kjelde, medan det no er kraftig utvida ved hjelp av nettet. Dette skaper ein ny lærartype. Store og nye utfordringar ventar meg.

onsdag 13. april 2011

Undervisningsopplegg i samfunnsfag om minoritetar

Individuelt arbeid:
1) Beskriv og del eit undervisningsopplegg innafor eit/fleire læreplanmål, der du nyttar deg av nettverksverktøy/sosiale media

Å lage undervisningsopplegg i eit fag i vidaregåande opplæring er alltid ei utfordring, pedagogisk, didaktisk og i høve til kunnskapar ein har om emnet. Sidan klassa mi no skal starte med emnet kultur i samfunnsfag synest dette emnet å vere svært så relevant for meg i denne oppgåva.

I kulturkapitlet i samfunnsfag, eit fellesfag for alle utdanningsprogram på vg2(vg1 på studiespesialiserande utdanningsprogram) i vidaregåande opplæring, finn ein ulike kompetansemål som omhandlar minoritetar i Norge.

Å skulle skrive om minoritetar er svært aktuelt både fordi ein finn emnet behandla i læreboker, men også fordi emnet er generelt mykje omtala i media, både i papirmedia og i bildemedia. "Norge er eit fleirkulturelt samfunnfunn", heiter det i dag som spissformuleringar i samfunnsdebatten. Og i den politiske debatten er dette eit emne som engasjerer både politikarar og samfunnsborgarar.

I læreplanen  for samfunnsfag finn ein fleire relevante kompetansemål som omhandlar minoriotar; dette synest veldig relevant for meg:

  • beskrive hovudtrekk ved kulturen til nokre minoritetar i Noreg og drøfte utfordringar i fleirkulturelle samfunn
Kompetansemålet seier "nokre minoritetar". Då må ein definere kva ein forstår med minoritetar; etniske minoritetar, urfolk eller dei nye minoritetane som har kome til Norge sidan 1970-talet. Deretter må ein bestemme seg for tidsbruken til opplegget. Å bruke 14 dagar synest rimeleg for meg, og når kvar veke består av 3 timar så er det altså snakk om 6 timar ialt.

Faglærar startar med å presentere emnet, avgrense talet på minoritetear sidan det er snakk om "beskrive hovudtrekk ved kulturen til nokre minoritetar". Faglærar må vidare knytte presentasjonen opp mot ei historisk utvikling, vise årsakene til at minoritetane kom til Norge, finne relevante tal for storleiken på dei i dag, vise relevante omgrep til hjelp i drøftinga som skal kome i etterkant.
Han må variere med andre hjelpemiddel av visuell karakter, som til dømes NRK sitt tv-program, Migrapolis, som behandler ulike emne som gjeld det å vere minioitet i Norge. Kvart program er på ca 30minuttar, og har ei sendetid fra klokka 2230-2300. Dette inneber at programmet ikkje har "primetime", men er likevel eit prisverdig tiltak av NRK. Programleiarane er vanlegvis ikkjeetniske nordmenn som framstår som godt integrerte i det norske samfunnet, t.d ved at dei snakkar godt norsk, kler seg norsk.
Ei anna god og relevant kjelde som kan nyttast er nrk sine skulesider. Her finn ein kortinnslag frå Dagsrevyen på berre nokre få minuttar. Dette kan vere ein variant i høve til Migrapolis som tross alt varer ein halvtime.

Stoffet er no aktualisert, og ein kan plassere elevane i grupper på 3. Då skal dei drøfte utfordringar i fleirkulturelle samfunn. Bruk ca 20minuttar på diskusjonen i gruppa og ca 25 minuttar på diskusjonen i plenum. Ha ei skriftleg prøve i siste timen, då skal dei på individuell basis svare på oppgåva, som skal innleverast: Drøft denne påstanden: " Norge er ikkje eit fleirkulturelt samfunn". Opplegget er i mål.