1) Beskriv og del eit undervisningsopplegg innafor eit/fleire læreplanmål, der du nyttar deg av nettverksverktøy/sosiale media
Å lage undervisningsopplegg i eit fag i vidaregåande opplæring er alltid ei utfordring, pedagogisk, didaktisk og i høve til kunnskapar ein har om emnet. Sidan klassa mi no skal starte med emnet kultur i samfunnsfag synest dette emnet å vere svært så relevant for meg i denne oppgåva.
I kulturkapitlet i samfunnsfag, eit fellesfag for alle utdanningsprogram på vg2(vg1 på studiespesialiserande utdanningsprogram) i vidaregåande opplæring, finn ein ulike kompetansemål som omhandlar minoritetar i Norge.
Å skulle skrive om minoritetar er svært aktuelt både fordi ein finn emnet behandla i læreboker, men også fordi emnet er generelt mykje omtala i media, både i papirmedia og i bildemedia. "Norge er eit fleirkulturelt samfunnfunn", heiter det i dag som spissformuleringar i samfunnsdebatten. Og i den politiske debatten er dette eit emne som engasjerer både politikarar og samfunnsborgarar.
I læreplanen for samfunnsfag finn ein fleire relevante kompetansemål som omhandlar minoriotar; dette synest veldig relevant for meg:
- beskrive hovudtrekk ved kulturen til nokre minoritetar i Noreg og drøfte utfordringar i fleirkulturelle samfunn
Faglærar startar med å presentere emnet, avgrense talet på minoritetear sidan det er snakk om "beskrive hovudtrekk ved kulturen til nokre minoritetar". Faglærar må vidare knytte presentasjonen opp mot ei historisk utvikling, vise årsakene til at minoritetane kom til Norge, finne relevante tal for storleiken på dei i dag, vise relevante omgrep til hjelp i drøftinga som skal kome i etterkant.
Han må variere med andre hjelpemiddel av visuell karakter, som til dømes NRK sitt tv-program, Migrapolis, som behandler ulike emne som gjeld det å vere minioitet i Norge. Kvart program er på ca 30minuttar, og har ei sendetid fra klokka 2230-2300. Dette inneber at programmet ikkje har "primetime", men er likevel eit prisverdig tiltak av NRK. Programleiarane er vanlegvis ikkjeetniske nordmenn som framstår som godt integrerte i det norske samfunnet, t.d ved at dei snakkar godt norsk, kler seg norsk.
Ei anna god og relevant kjelde som kan nyttast er nrk sine skulesider. Her finn ein kortinnslag frå Dagsrevyen på berre nokre få minuttar. Dette kan vere ein variant i høve til Migrapolis som tross alt varer ein halvtime.
Stoffet er no aktualisert, og ein kan plassere elevane i grupper på 3. Då skal dei drøfte utfordringar i fleirkulturelle samfunn. Bruk ca 20minuttar på diskusjonen i gruppa og ca 25 minuttar på diskusjonen i plenum. Ha ei skriftleg prøve i siste timen, då skal dei på individuell basis svare på oppgåva, som skal innleverast: Drøft denne påstanden: " Norge er ikkje eit fleirkulturelt samfunn". Opplegget er i mål.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar