fredag 18. februar 2011

B) Individuell refleksjon i blogger, nr 2

Google docs er eit godt verktøy ved samskriving. Om ein sit ved same bord eller ein annan plass i verda, så er det mogeleg å jobbe saman. I tillegg er dette eit godt verktøy ved gruppearbeid; det elevane har jobba med er tilgjengeleg sjølv om ein eller fleire av elevane på gruppa er borte frå timen. Å jobbe med gruppearbeid er ein måte å variere undervisninga på; dette krev at alle elevane er til stades. Med Google docs kan ein unngå slike frustrasjonar, og kome seg vidare i gruppearbeidet og vere ajour med periodeplanen i faget.
Samskrivingsdelen synleggjør at alle har ansvar for å bidra i arbeidet.

Skulle det vere noko å kikke på, så er det presentasjonsverktøyet. Programmet har nokre manglar, spesielt i høve til presentasjonsverktøyet. Enkel formatering som innrykk/tabulator funkar ikkje maksimalt.Det er tungvint å formatere tekst som er klippa og limt. Vi har også merka ofte at programmet "henger"; det tar lenger tid å ferdig med eit arbeid.

For å bruke Google docs, som er eit lukka system. må ein vere pålogga. Dette inneberer visse praktiske problem(ein har klassar frå 10 til 28 elevar).Det tar altså tid, men kan løysast naturleg gjennom eit innføringskurs.

Kva har eg så lært? Eg har fått digital kunnskap som eg tidlegare ikkje kjente til, og som eg ser kan nyttast i undervisninga mi. Men eg har også lært å lage bloggar som det snakkast så mykje om for tida. Kanskje kan eg sjølv opprette ein blogg?
Google trudde eg i utgangspunktet var ein søkemotor, men no ser eg at det finst som dokumenttilbydar.

Individuell refleksjon-oppgåve B, innlegg 1

Vi i gruppa kom saman og reflekterte over kva fag og kompetansemål som ville vere høveleg å bruke. Etterkvart fann vi ut at samfunnsfag var eit svært relevant fag sidan medlemmane i gruppa underviser i faget. I tillegg var alle komne omtrent like langt, dvs. ein jobba med kapitlet individ og samfunn.
Etter nærare gransking av kompetansemåla i læreplanen i kapitlet, såg vi at sosialisering og arenaer for sosialisering av ungdom ville vere svært relevant å bruke. Å få til gode og relevante undervisningsopplegg er viktig for å engasjere elevane fagleg. Og når du i tillegg kan jobbe med eit emne som engasjerer ungdom er ein langt på veg i å lykkast med opplegget.

Sjå lenke til læreplan her

Å få laga sjølve presentasjonen blei også ei utfordring. Vi har arbeidsplassar på ulike bygg slik at det var nødvendig å få til ei samkjøring i høve til felles fritimar. Men alle i gruppa var innstilte på å kome i mål før fristen 18. februar. At det var mogeleg å bruke tid på ei heildagsprøve gjorde også arbeider enklare.
Sjølve tankeprosessen med å få til ein presentasjon gjekk veldig greit. Gruppa her ei alderssamansetting som spenner litt over tid. På det viset kunne ein bruke fagleg tyngde på begge felt maksimalt, god samfunnsfagleg kompetanse saman med god digital kompetanse.