fredag 18. februar 2011

Individuell refleksjon-oppgåve B, innlegg 1

Vi i gruppa kom saman og reflekterte over kva fag og kompetansemål som ville vere høveleg å bruke. Etterkvart fann vi ut at samfunnsfag var eit svært relevant fag sidan medlemmane i gruppa underviser i faget. I tillegg var alle komne omtrent like langt, dvs. ein jobba med kapitlet individ og samfunn.
Etter nærare gransking av kompetansemåla i læreplanen i kapitlet, såg vi at sosialisering og arenaer for sosialisering av ungdom ville vere svært relevant å bruke. Å få til gode og relevante undervisningsopplegg er viktig for å engasjere elevane fagleg. Og når du i tillegg kan jobbe med eit emne som engasjerer ungdom er ein langt på veg i å lykkast med opplegget.

Sjå lenke til læreplan her

Å få laga sjølve presentasjonen blei også ei utfordring. Vi har arbeidsplassar på ulike bygg slik at det var nødvendig å få til ei samkjøring i høve til felles fritimar. Men alle i gruppa var innstilte på å kome i mål før fristen 18. februar. At det var mogeleg å bruke tid på ei heildagsprøve gjorde også arbeider enklare.
Sjølve tankeprosessen med å få til ein presentasjon gjekk veldig greit. Gruppa her ei alderssamansetting som spenner litt over tid. På det viset kunne ein bruke fagleg tyngde på begge felt maksimalt, god samfunnsfagleg kompetanse saman med god digital kompetanse.



1 kommentar: